fredag 17. april 2015

DIV INFO_GRUPPER OG STEDER


Måndag 20.april:
Avreise med rutebil/buss frå Bergen byss-stasjon kl. 7.40 (sjekk ut at tida stemmer og perrong) til Ovågen (Kystmuseet). Bussen er etter ruta framme i Ovågen/Kystmuseet kl. 09.05.
  
Trygve og eg kjem til BAS med bil på måndag morgon kl. 7.30.
Trygve har litt plass til utstyr/material o.l. Trygve har kassabil, 2 seter med grind på taket.
Eg har litt plass til material/utstyr i bilen, bil utan grind på taket.

Vi starter bygningshistorieseminaret i Kystmuseet måndag morgon kl. 9.15 med Nils Georg Brekke. Sender program i kveld når det er klart.

Under finn du stoda for stovesituasjonen. Gjer merksam på at det vert endringar i stovesituasjonen då vi ikkje får bruke alle dei stovene vi hadde sett oss ut. Sjå oversikt og stoda under.

Sender kurs struktur og innhald for lemstovekurset og feltopphald i kveld/morgon tidleg.


UTSTYRSLISTE/FELTUTSTYR; alle treng å ta med liggeunderlag, sovepose, handuk o.l., sitteunderlag, varme og gode klede, og fottøy til all slags ver (vått og tørt/kalt og varmt) og termos. De treng feltutstyr (i minste fall feltutstyr til kvar gruppe) til matlaging og til å ete med; kokeutstyr, koppar og kar, fat, bestikk o.l.


Oversikt/status på stover som Trygve har fått tak i:

LEMSTOVA VÅREN 2015
FELTOPPHALD I ØYGARDEN 20. – 26.APRIL
BAS KULL 29

STODA er lagt til i raud skrift!

GUPPER:

Raud stove på Hellesøy/Gruppe 1: Håkon, Julie, Lotte, Mats
Studentane kan arbeide med denne stova. Studentane får kan ikkje bu/sove i stova, men skal bu i huset til Egil Sæle på Sæle. Det er difor fint om denne gruppa har bil!

Kvit stove på Hellesøy/Gruppe 2: Espen, Håvard, Linda, Marte.
Denne stova var vinterstengt og vi kan difor (mest truleg) ikkje bruke stova. Trygve venter på løyve frå grunneigar. I tillegg arbeider Trygve med å få tak ei anna stove i Blomvågen.

Andastova på Sele/Gruppe 3: Jostein, Karoline, Oskar, Christina.
Denne stova er klar og studentane skal bu i eit hus like ved stova.

Egil si stove på Sele/Gruppe 4: Axel, Emma, Maria Helena, Stian
Denne stova er klar og studentane bur hos Egil Sæle.

Svart stove på Sture/Gruppe 5: Daniel, Christian, Frida, Nikolina
Denne stova er klar og studentane kan bu i stova.

Kvit stove med raude karmar på Sture/Gruppe 6: Jim, Veronika, Tim, Ragnhild, Tord
Denne stova er ikkje klar. Trygve arbeider med å få tak i ei anna stove i Blomvågen.

Kvit stove med turkise karmar på Sture/Gruppe 7: Tilla, Torgrim, Åsmund, Hillevi, Success
Denne stova er ikkje klar. Trygve arbeider med å få tak i ei anna stove i Blomvågen.


Trygve er i snakk med flere av eierne om å få flere stover.



Mona