mandag 13. april 2015

lemstova_ info_kan bli forandringer.


LEMSTOVA VÅREN 2015
BAS KULL 29


LEMSTOVA I ØYGARDEN
Hovudlærar: Mona
Gjestelærar: Trygve Solløs
Hjelpelærar: Alexander
Bygninghistorie: Nils Georg Brekke med fleire

KURSSTART PÅ KYSTMUSEET måndag 20.april
Avreise 
 BUSS ER IKKE AVKLART ENDA MEN I OG MED AT EN DEL BRUKER EGEN BIL BLIR DET LITT FOR KOSTBART Å LEIE BUSS, 

ET ALTERNATIV ER Å TA RUTEBUSS KLOKKEN 0740 FRA RUTEBILSTASJONEN. TRYGVE KAN DISPONERE EN LITEN VAREBIL TIL Å FRAKTE UTSYR OG TING SOM BLIR VANSKELIG Å TA MED PÅ RUTEBUSSEN.  



EIN DAG MED BYGNINGHISTORIE på Kystmuseet i Øygarden måndag 20.april kl. 09.05
Førebels program:
Del 1: Vestnorsk bygningshistorie v/Nils Georg Brekke
Del 2: Lokal bygningshistorie
Del 3: Klima/ytre påkjenning – konstruksjon og dimmensjonering  
Del 4: Lemstova – feltarbeid og prosjekteringsoppgåve v/Mona
Del 5: Kulturplan arbeid i Øygarden

OVERNATTING I ØYGARDEN frå måndag 20. – sundag 26.april
Innlosjering på dei lemstovenen de skal bu og arbeide med. Tildeling av stover v/Trygve Solløs

Gjer merksam på at de får utdelt endeleg program for seminaret på Kystmuseet med tidspunkt og føredragshaldarar når det er klart!


FELTARBEID frå tysdag 21. – til og med sundag 26.april
1:1 SKISSERING, KARTLEGGING, REGISTRERING OG OPPMÅLING AV LEMSTOVE OG SITUASJON
Klassen vert delt i grupper (sjå eiga liste over grupper og deling av ansvar). Kvar gruppe får tildelt si lemstove ute i Øygarden. Om alt går i orden har vi i alt  7 lemstove som vi kan bruke til undervisning. Klassen vert slik delt i 7 grupper. De bur i dei av lemstovene som er egna til å bu i og dei som arbeider med stover som er uegna til å bu i får alternative buplassar i nærleiken til si stove. Dei av dykk som ønskjer det kan bu i telt (Det er fint om de då kan gi beskjed til meg om de vil bu i telt!) De lager dykk mat sjølve der de bur. De skal få nærare beskjed om kva de utstyr det treng til å lage mat, sove og å vaske dykk når det er avklara.  

Vi skal ha undervisning på 7 ulike lemstove. Det vert nye arbeidsoppgåve kvar dag – eit intenst og kort feltopphald og kvar stove er ulikt geografisk plassering i Øygarden. Difor er det viktig at kvar gruppe tek ansvar for å sikrer seg nok reiskap og material til 1:1 skissering og oppmåling.

Gjeld dei av dykk som har trøsykkel. Det kan vera fint å ta med trøsykkel ut om vi får lov til å ta dei med på bussen til Øygarden! Vi sjekker med bussselskapet og de for melding om det går.
Det er fint om dei av dykk som kan tenkje seg å ha med trøsykkel på bussen til Øygarden seier i frå til meg!

Oppgåve/arbeid: 1:1 skissering på –og i relasjon til lemstovene, kartlegging, registrering av ytre synlege og usynlege vilkår og indre system. Oppmåling av lemstove og situasjon/nært landskap og konkrete kultur/naturelement. Gruppearbeid.

1:1 skissering: Til dette treng det materialer som de kan bruke utomhus for å lage synlege skisser i høve til lemstova og gitt situasjon i full storleik (1:1). Til dette treng de material som er synlege ute i felten i høve til husa og naturen og som kan stå ute om natta i all slags ver!
Material:
1)      Lekter; vi prøver å skaffe lekter til kvar lemstove/gruppe frå ein lokal forhandlar ute i Øygarden. Trygve sjekkar om det er rå å få tak i lekter i Øygarden! Og de vil få beskjed om de treng å ta med lekter frå byen/BAS på bussen!
2)      Taug av ulike slag, ulik dimensjon, med og utan farge; sjå kva de har og finn på BAS, supplert etter lyst og evne.
3)      Stropper; breie nulonsbånd som vert brukt til å feste fast ting på bilar under transport. Slike stropper egner seg godt til 1:1 skissering fordi dei er godt synlege; sjå kva de finn på BAS, har sjølve, og/eller kan få låne, sponsa eller kan/vil investere i sjølve.
4)      Tape; rimeleg tape av ulike slag egna til bruk utomhus. Tape i ulik dimensjon og farge, papirtape og anna tape; sjå kva de har og finn tak i. Sjå til at kvar av dykk tek med eigen tape til teikning, oppmåling og anna og til 1:1 skissering.
5)      Kvitt kraftpapir på rull (gjerne felles rull på kvar gruppe); sjå kva de har, finn tak i på BAS og kan investere i etter lyst og evne.
6)      Gjenbruukspapir og kartong, gråpapir på rull, anna papir/ark/katong med og utan farge, i ulike format (gjerne litt store format og i fargar då dei er meir synlege ved 1:1 skissering). Sjå kva de finn tak i på BAS, får av gjennbruksmaterial, har sjølve og kan/vil investere i sjølve.
7)      Ta med anna egna skisseringmaterial kvar dykk og som gruppe meiner er brukbart. NB; hugs at skissenen i full storleik/målestokk (1:1) skal tåle å stå ute om natta i all slags ver!

Reiskap:
Vater, sag, øks, tollekniv, hammer, stiftepistol og stiftar, store spiker (til å feste ting i bakken/bardunar), spiker; egna dimensjon i høve til lekter og anna material, stiftemaskin, skruar og skrujern som passer,  og anna de ser er egna og de treng. Sjå kva det finn tak i på BAS og legg til eige utstyr slik at det ikkje vert for lite.  
Skarp papirkniv og ekstra blad, skarp saks, hagesaks og anna egna reiskap som de trur de kan få brukt for – sjekk ut kva som er på BAS, og ta med eigen pairkniv og saks og anna de har lyst og trong for.
Tommestokk; er obligatorisk for alle å ha med, kvar sin tommestokk (2 meter).
Målebånd til oppmåling og registrering, gjerne på 10 – 50 meter er fint å ha med – sjå kva de finn på BAS. Hugs det treng fleire minimum 7.

Sjekk om BAS sine reiskapskassar til feltbruk er klare og har innhald nok. Snakk med vår vaktmeister om dette. Legg til reiskap dersom desse er magelfull. Sikre nok reiskap til alle 7 gruppene.

Oppmåling:
Sjekk at BAS sine feltkasser med reiskap til oppmåling er i orden og har sitt innhald. Sjekk med vaktmeisteren vår! Legg til eige utstyr om det er ikkje er nok til alle gruppene/7 stover.

Sikra at alle gruppene og kvar for dykk har med nok utstyr til oppmåling av lemstovene (ute og inne) og gitt situasjon (ute). De treng nok utstyr til kvar lemstove og har ikkje tid til å vente.
Ta med teiknereiskap og papir som trengst til oppmåling. Sørg for å ha med nok til alle. Sjekk kva som er på BAS og legg til det som mangler.

Feltbibliotek:
Sjå til att alt innhaldet er på plass i feltbiblioteket. Sjekk dette med Line på BAS biblioteket. Ta med feltbiblioteket til Øygarden. Dersom det er mogleg er det fint om vi kan ha med 3 bibliotek eit til kvar stad (sjekk med Line om det går).

Alle treng kvar for seg:
Fotoapparat! Til dokumentasjon. Alt de gjer ute i felten skal dokumenterast godt!
Ta med privat skissematerial og teiknereiskap og anna utstyr de treng i felten og vil ha med. De er ute og arbeidar heile dagen, byggjer/skisser i 1:1 og skal teikne alt de ser, tenkjer og gjer. Ta med nok teiknereiskap; ulike blyanter (ulik hardleik), stifter, kol og pastellstiftar og anna teikneutstyr, saks, kniv, linjal, reduksjonsstav og anna naudsynt reiskap. Ta med rikeleg med ark/skisseark, ark sterke nok og som tåler å bli herja med ute, i all slags ver og vind. Ta med di personlege visuelle skissebok/dagbok i eit format du har lyst på! Ta med gode og varme, vind og vatntette kle og sko, termos og anna de tenkjer er fint å ha med  ute i felten i Øygarden. Sitterunderlag og teikneunderlag er fint å ha, samt teiknemappe som tåler vatn og som de kan oppbevare teikngar i! Dette kan dykk, har gjort det før og har erfaring med frå Solund og Tunet. Ta godt vare på dykk sjølve og kvarandre.


Struktur og innhald med feltoppgåve får de utdelt på staden av Mona.

I neste veke vil eg sende dykk artiklar som er gode å lese får de dreg til Øygarden!

Ver god å ta kontakt om de har spørsmål.
Lukke til og ser dykk alle ute i Øygarden måndag 20.april.

Beste helsing frå Mona